Tilbake
Skriv ut

Maher midt i dalen

I 2012 flykta Maher og familien hans frå krigen i Syria, og i 2014 blei han bosatt i Meldal kommune i Sør-Trøndelag. Tjueåringen er sosial, energisk og ambisiøs, og har gjort sitt ypperste for å bli ein del av lokalmiljøet i den lille bygda Løkken Verk. Han har fått jobb på Prix og begynt å spille trompet i korpset, og gleder seg til å spele i 17. mai-toget.

Men Maher har også ein draum om noko meir enn bare å passe inn i det norske samfunnet, for heilt sidan han var liten har han eit ønskje om å bli pilot. Hans fyrste og viktigaste steg mot målet er å begynne på videregåande skule, men krava er høye. Maher må nemleg bestå prøvar i fem fag på norsk. Hvis han stryker er draumen knust, for han får bare eit forsøk. Alt blir vanskeligare når Mahers mentale helse begynner å bli dårligare. MAHER MIDT I DALEN skildrar hans og lokalsamfunnets kamp for å nå målet om å returnere til heimlandet som flykaptein – for hvis Maher skal ha noko håp om å lykkes, treng han hjelp frå meldølingene.

Filmen er produsert med støtte fra Vestnorsk Filmsenter og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Puffin Film
  • Produsent: Puffin Film/ Guro Sollie Hansebakken

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Puffin er engelsk for lundefugl, en vakker og fargerik fugl som flyr lavt over bølgene. Det er slik vi ser for oss Puffin Film; vi skal ha oversikt og samtidig komme nært det som beveger seg. 

Les meir på nettsidene deira her.