Tilbake
Hilde Kvivik Kavli
Vidar Alvik
Elisabeth Wathne
Thomas Mordal, collage
Lars Opstad, Kulturtanken
Lene T. Mordal
Skriv ut

Grounds

Å leike og improvisere med gamal musikk, er det Caroline, Elizabeth og Eirik seier dei gler seg mest til når dei snakkar om Grounds.

Meininga med namnet Grounds er at melodiane skal bli løfta fram,  og dette meinte komponistane og instrumentalistane både i barokken og no. Grounds tyder bakke eller bakkekontakt, og i musikken tyder det at «grounden» er dei faste, repeterande mønstra som ligg under alle broderingane, og som speglar den overdådige kunsten og kulturen på 1700-talet.

Hoffet til franskekongen Ludvig 14. og musikken som vart laga då, er sentral i konserten. For å kunne forstå denne musikken må ein kunne noko om dansen, moter, kulturen og samfunnet frå 1700-tallet. Konserten Grounds nyttar desse elementa til å skape ein større samanheng for lytteopplevinga. Konserten presenterar nokre av dei dyktigaste spesialistane i landet på barokkmusikk og -dans, og er eit program som bringer fjern historisk tid inn i skulen, og samstundes i samanlikning med korleis vi har det i no.

Lærarrettleiing

Barokkmusikk og barokkdans. Trekk ved tida då musikken vart komponert.

Som fagleg innfallsvinkel til for-og etterarbeid kan elevar og lærarar lære om emnet barokkmusikk og barokkdans og gjenkjenne musikk frå denne historiske hovedepoka i kunstmusikken. Det er også eit mål i konserten å fortelje om barokktida utanom musikken og dansen. Klassedeling, hierarki, adel og rolla til ulike lag i befolkninga vil bli samanlikna med demokrati, likestilling og medborgarskap i dag. Den franske revolusjon blir nevnt, og publikum får høyre om kongar og hoff i Frankrike og England. Konserten vil gjennom kostymer og døme vise publikum noko av det tidstypisk frå livet på hoffet til Ludwig XIV, men samstundes treke fram nokre universelle trekk i alle samfunn og utfordringar vi har i dag, til dømes ytringsfridom.

Lærarane kan i undervisninga også ta for seg norsk folkedans frå denne tida og framover, og påverknaden frå resten av Europa.

Barokken var kjend for sine overdådige utsmykkingar på hus , møbel og med sin pompøse klesstil. Musikken vart  pynta på med triller og forsiringar. Sjå på bygningar og arkitektur fra barokkens tidsalder, der vil ein sjå dei flotte barokke utsmykkingane  Barokk arkitetur

Repertoaret til Grounds er:

A. Corelli: La Follia (utdrag)

J. B. Lully: Chaconne- (fra operaen Bourgeois Gentilhomme) Ritournelle italienne- Canarie- Air (fra Scaramouche)

N. Matteis: Ground upon a Scottish humour

R.De Viseè: Prelude. Fra Suite i G-dur: Courante - Sarabande- Menuett

Anonym/trad: Paul’s Steeple

M. Uccellini: La Bergamasca (utdrag) - (etterhvert eget arr Erik Høsøien og Caroline E Dahl)

Anonym/trad: Greensleeves

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene Torgersen Mordal, tlf. 71 28 03 22 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
  • I samarbeid med: Forfattar Berit Rødstøl frå Rauma kommune har laga manus til konserten.Kostymemakar/designar Lillian Baur ved Operaen i Oslo har laga kostyme. Parykkmakar Maren Togstad ved Operaen i Kristiansund har laga den eine parykken.
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Caroline Eidsten Dahl spelar på blokkfløyter frå heile blokkfløytefamilien.  Utdanninga har ho frå Griegakademiet i Bergen, og frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm,  der ho avsluttea sitt diplomstudium med fordjupning i kammermusikk hausten 2006. Ho er no ei kjend blokkfløytist som har spelt med leiande grupper frå inn- og utland, t.d. Kremlin chamber orchestra, Drottningholms Barockensemble og Barokkanerne. I tillegg kjem deltaking  ved ulike festivaler. I 2007 vart ho vinnar av Rikskonsertene sitt lanseringsprogram «Intro- klassisk» i sesongen, og reisete i regi av Rikskonsertene til India og Kina for blant anna å framføre norsk og kinesisk musikk for born. Caroline mottok Statens kunstnerstipend for nyetablerte kunstnere i to år, fra 2010 til 2012 og har siden det laget to solo-CD'er med barokkmusikk. Her er heimesidea til Caroline! https://www.carolineeidstendahl.com/

Elizabeth Svarstad er utdanna dansar, koreograf og pedagog i barokkdans og historiske danser. Elizabeth er ei av dei få i landet som verkeleg kan danse barokkdans. Hun har vore med i ei lang rekkje produksjonar for både vaksne og born, og hun leiar også dansekompaniet Compagnie Contours, et kompani som spesialiserer seg på barokkdans i møte med samtidsdans. Ho driv også ein ballettskule for born. I 2018 fullførte hun doktorgraden sin i dansevitenskap ved NTNU i Trondheim, og temaet var Dans som sosial dannelse i Norge 1750–1820. Her er nettsida til Elizabeth: http://elizabethsvarstad.no/

Erik Skanke Høsøien spelar lutt og barokkgitar i denne produksjonen. Han har studert i Tyskland og England og er medlem av fleire tidligmusikkensembler, som for eksempel Trondheim Barokk og Nattergal. Han har medvirka på flere CD’er, sist med Det Norske Blåseensemble på albumet The Mission. Erik er også ansvarlig for Senter for tidligmusikks ungdomsorkester og har lang erfaring med skolekonsertar, t.d. Lek med strenger og La Belle Dance. Erik er ettertrakta som akkompagnatør for både songarar og instrumentalistar og har samarbeidd med artister som Ian Bostridge og Rolf Lislevand.