Tilbake
Indie Film
Indie Film
Indie Film
Indie Film
Indie Film
Skriv ut

Røverdatter

Som lita lekte Sofia og faren sisten og pil-og bue, men også gøym ølflaska og løp fra taxi-rekninga. Røverdatter er ein ganske annleis far-datter film om Sofia som forsøker å hjelpe pappaen sin inn på rehab, sånn at dei kan ha et forhold igjen. I en til tider absurd, kaotisk og komplisert kvardag er strategien deira ein god dose mørk humor. Sofia er ei ung, nyutdanna filmskapar som bor i Oslo saman med kjærasten sin og omplasseringshunden Shaggy. Ho er ganske lik faren sin, dei har same humor, same glimt i auge og til dels same temperament. Men hans temperament blei farlig, og fra ho var ti år bodde ho og mora i skjul på hemmeleg adresse. Nå har Sofia og faren tatt opp igjen kontakten. Faren lever fortsatt eit liv prega av rus og kriminalitet, meir innsatt i fengsel enn ikkje. Hans store sorg er at han mista Sofia. Sofias store håp er at ho som vaksen kan hjelpe han på beina, så han kan bli ein pappa igjen. Saman kjemper dei ein hard kamp med mye humor og varme; for forholdet, mot rusen og mot systemet som er meint å hjelpe dei.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sofia Haugan/Indie Film AS