Tilbake
Skriv ut

Les for livet!

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!

I romsonden er det to tidskapslar frå 2018. I den eine ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. I den andre tidskapselen er det effektar for å spele ut scener frå bøkene. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene.

Les for livet! er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. På reisa tilbake til opphavet dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Grunna av Terje Torkildsen. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. Som manusforfattar Lars Mæhle legg i munnen på «stemma» etter at dei to menneska har løyst oppdraget: «Venskap er grunnmuren i alle kjernekjenslene, dei som de no har lært gjennom å lese bøker. Først no skjønar de kven de er. No kan de atter finne plassen dykkar på jorda – utan å øydeleggje henne. For det viktigaste av alt, det er venskapet, det å vere glad i – og ta omsyn til – andre menneske. Og å lære seg verdien av samarbeid. For utan samarbeid går jorda under.»

Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand.

Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.









Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nynorsk kultursentrum

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Siri Beate Fossum kjem frå Hedmark og har skodespelarutdanninga si frå drama og teaterkommunikasjon ved Universitetet i Stavanger, musikkteater ved Bårdar Akademiet og forteljarkunst frå HiOA. Ho har også teke PPU for drama og teater ved HiOA. Etter enda utdanning har ho jobba med både teater, musikal og teaterinstruksjon og har erfaring frå mellom anna Det Norske Teatret, Hedmark teater og Opera Omnia. Ho er no skodespelar og teaterinstruktør for Ttrafo – teater i fjellregionen.

Kim Helge Strømmen er utdanna i England ved Guildford School of Acting (2010-2013). Etter enda utdanning har han medverka i fleire produksjonar både i England og Noreg, blant anna Singin' In The Rain - Uk & Ireland Tour, En Midtsommernattsdrøm - Teater Framdrift, Measure for Measure (Like for Like) - Akershus Teater, Tutomaten - Teater Joker. Hausten 2017 spelar han i framsyninga Faust ved Deichmanske hovedbibliotek i Oslo og frå januar 2018 er han å sjå i Hair! ved Oslo Nye Teater.