Tilbake
MRK. Møre og Romsdal kunstsenter
Skriv ut

Til å ta og føle på

Kunstnaren Kristine Roald Sandøy vil fokusere på grunnfølelsane våre og korleis vi kan uttrykke og visualisere desse gjennom å lage skulpturar i ulike materialer.


Arbeida som vert laga i denne verkstaden kan gjerne nyttast i videre samtalar kring tematikken.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Møre og Romsdal kunstsenter
  • Idé/ opplegg: Korleis ser ein følelse ut, kva form har han og korleis er han å ta og kjenne på?

    Sorg er når du er trist. Sinne kan komme av at du ikkje blir forstått eller at nokon ikkje behandlar deg rett. Glede kan du føle når du føler deg bra og blir forstått. Redsel kjem når du på ein eller annan måte følar deg trua eller utrygg. Avsky kan ein kjenne om ein synes noko er ekkelt eller skremmande. Alle har vi kjent på desse grunnfølelsane og vi alle treng vi eit godt språk for dette. Det kan hjelpe oss å forstå eigne reaksjonsmønster, gi betre sjølvinnsikt og sjølvfølelse.

    Det visuelle språket gjev oss heilt andre moglegheiter for å uttrykke oss enn med ord.
    Tre er ganske hardt men også mjukt, det kan vi spikke. Metall kan bøyast, det er både hardt og mjukt. Tekstil er tøyeleg, det kan vi sy. Plast kan smelte og få nye former og papir kan vi brette eller klippe. Stein er hard, men kan kanskje knusast?

Om kunstnar / utøvar / gruppe