Tilbake
Ingvil Skeie Ljones
Skriv ut

Tenk om eg var ein tanke

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele og song) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Olav H. Hauge - senteret med Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones
  • Produsent: Nynorsk kultursentrum, avd. Olav H. Hauge-senteret er ansvarleg produsent. Hauge-senteret har tidlegare produsert Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus, som har turnert for Den Kulturelle Skulesekken i Hordaland og Oppland, og Les for livet! i samarbeid med Ivar Aasen-tunet som nyleg har hatt premiere og skal turnera i Sogn og fjordane i haust. Tenk om eg var ein tanke turnerte i Hordaland i 2015 og 2016. Nynorsk kultursentrum med Ivar Aasen-tunet i spissen har mange år bak seg som produsent for Den Kulturelle Skulesekken, mellom anna har Snakk om språk turnert i fleire fylke over lengre tid. Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ønsker å auke bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet.
  • Idé/ opplegg: Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.
    Musikk og spørsmål blir teke i bruk som verkemiddel for at utøvarar og elevar i fellesskap kan assosiere rundt kva dikta og eg-personen i dikta vil fortelje. Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.På leikent og finurleg vis gir framsyninga elevane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Om kunstnar / utøvar / gruppe