Tilbake
Skriv ut

Folk i farta

På denne verkstaden skal elevane få ta del i kulturarven vår, dei skal få danse, hoppe, sprette og synge. Danseverkstaden tek utgangspunkt i folkedans med særlig fokus på å ha det kjekt i lag i dansen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Elevane vil møte to formidlarar, ein dansar og ein musikar, som saman vil lære elevane enkle dansar og songleikar på ring. Elevane får musisere i songleiker, bevege seg til musikk og delta i dansen i lag med resten av klassen. Vi ser òg nærare på musikaren sitt instrument, der elevane får sjå, høyre og kanskje trykke på knappane på trekkspelet eller sjå inn i fela. 
    Lærerane deltek i verkstaden saman med elevane.